Kultur

skapes mellom mennesker og for oss er kultur blant annet fellesskapet vi har gjennom dugnadsarbeid, små og store arrangement i bygda og opplevelser vi får ved å ferdes i naturen her.

 

Bygda har sitt eget eventyr og i 1992 ble ei vise til bygda skrevet.

 

Det største kulturarrangementet som bygda har tatt på seg de siste åra er å være teknisk arrangør for konsert/show i Kleive Grendahus med Angvik Hornblowers og solister, Knut Marius Djupvik og André Gussiås Band.

Hør sangen og se videoen av "Julekveld", skrevet av Liv Karin Lange med filmklipp fra Gussiåsbygda.

 

Hopp Helling

Av Ola Hola, etter Søren Anbjørnsen Gussiås, fortalt på Gussiåsa i 1929.

Henta fra "Folkeliv og tradisjon i Nesset, bind 2".

 

I berget utafor løeveggen på Gussiåsa er det eit merke som om det skulle vore etter ei hand. Det ser ut som at nokon ein gong skulle ha trykt dugeleg nedi, og sett eit stort og reitt merke der. Alle fem finrane synest tydeleg i berget. Her har ein gong vore eit overnaturleg vesen og sett merke etter seg, og det gjekk slik til:

Om våren, då dei på Gussiåsa skulle sleppe buskapen ut på beite, hadde dei ingen gjetar. Men så kom det ein framandkar til gards, og han baud seg til å ta på seg gjetinga for heile sommaren. Karen såg ut til å kunne bli reint ein ofsegut til gjetar, og gussiåsfolket tok i mot te'bøa. Han forlangte i lønn for heile sommaren så mukje av avlinga som han kunne bære med seg når han skulle reise att om hausten. Dette syntest folket på garden slett ikkje var så mykje for såpass strev, og så vart dei einige om det. Kva karen heitte eller kvar han var i frå, fekk dei ikkje greie på. Men han såg som sagt ut til å bli ein hyva gjetar, og så fekk det berre skure med det andre inntil vidare.

 

Framandkaren begynte så å gjete buskapen, og det gjekk svært godt alt saman, og det leid allereie uti slåttonna. Så var det ein dag gussiåsfolket hadde mykje tørrhøy ute, og det stod truendes over med regn, så det var om å gjere å berge inn mest muleg av avlinga. Høylassa velta dei innpå låven, som vart stappa full like fram til døra. Ingen hadde då tid til å kaste høyet oppå lemmen, og høystålet var fullt. Om kvelden, etter at gjetarguten hadde fått inn krøtera, kom han inni stua og skulle ha kveldsmat. Då spurte kjerringa .. ho Gurå .. om han ville vere så snill å gå bortpå låven og kaste oppå lemmen den høygranna som låg der. For arbeidet skulle han få eit dugeleg smørauge i grauten. Då gjetarguten høyrte det, var han ikkje sein om å komme seg bortpå låven og kaste høyet oppå lemmen. Ikkje trong han lang ria til det heller, endå det var både trongt og arbeidsamt å få høyet oppi eit slik krøphol oppunder taket. Så kom karen inn og skulle ha grauten med smørauge i. Ho Gurå syntest han var ein grepa kar til gjetargut å vere, og hadde laga til eit riktig gildt smørauge i grauten. Over hadde ho lagt eit stykke flatbrød, slik at alt skulle halde seg heitt og godt til han kom og skulle ete. Karen kom bort til bordet og vart ståande å sjå litt på grauten. Men då vart han styggeleg arg, for han såg ikkje smørauget for brødstykket som låg over. Han trudde ho Gurå hadde narra seg. Då fór han bortpå låven att og reiv ned frå lemmen alt høyet som han hadde kasta oppå der. Når han så kom inn att og skulle gje seg i kast med grautfatet, fekk han sjå smørauget under brødstykket, og då vart han smørende blid. Han kasta skeia, sprang utpå låven, og høyet kom oppå lemmen att i ei fart.

 

Det var ein kveld litt sienare, og karen var kommen heimatt med buskapen for dagen. Då fortalte han åt gardsfolket at denne dagne kom det ein stor lodden bukk og tok krøtera. Dette skjedde oppå tjukkaste skogen, fortalte han. - Men i tok og batt bokkjinn!, sa han. Folket på garden skjønte at det var ein bjørn som var kommen åt buskapen, og syntest det var gildt gjort av gjetarguten at han tok og batt'n så han ingen skade fekk gjort. Men no begynte gussiåsfolket å fundere litt på kva slags kar han var denne gjetraguten. Han skulle vel aldri vere ein av gåssene oppi Gussehammaren, og som hadde skapt seg om slik at han såg ut som folk? Skulle so vere, var det ikkje godt å vete kor det ville gå førenn dei vart kvitt han att om hausten. Hadde dei endå visst namnet på kroppen! For kunne nokon nemne namnet hans åt han, så mista han jutulkrafta si. Då kunne det vel ikkje bli verre enn at dei kunne greie han skikkeleg frå seg. Så funderte dei på kor dei skulle finne ut namnet åt gjetarguten, men det syntest vere umuleg.

 

Ein søndagsmorgon skulle alt folk på Gussiåsa at Rødkyrkja. Dei kom ikkje att derifrå før seine kvelden. Ho Gurå sette då gjetarguten til å mjølke om kvelden, og han skulle óg sile mjølka der inni stabburet. Ho sa vidare at når han heldt på med silinga, skulle han nemne tre goner henar sitt namn .. og tre gonger namnet på den som sila mjølka. Ho Gurå kom att frå kyrkja i god tid før gjetarguten kom heim frå marka med krøtera. Resten av kyrkjefolket kom ikkje før seint på kveld, etter at det både var mjølka og sila. Så snart ho Gurå kom heim, gjekk ho åt stabburet og gøymte seg i ein stor så, og la løkjet på. Der låg ho og venta på at gjetarguten skulle komme og sile. Då det leid frampå kvelden, kom karen traskande inni stabburet med mjølkebøtta og gav seg til å sile. Ho Gurå i såen høyrte at han sa både høgt og greitt tre gonger: - Hopp Elling sila mjølka 'na Gurå Gusjåsa. Då han var ferdig, gjekk han inni stua og fekk seg kveldsmat. Så gjekk han og la seg til å sove. Ei stund etter kom kyrkjefolket att. Då smatt ho Gurå ut av såen, og kom seg inni stua slik at ingen såg henne. Så gjekk det ei tid framover utan at noko vidare hendte. Då det leid fram mot den tida at buskapen skulle settast inn om hausten, kom gjetarguten kvar kveld dragande heim med nokre lange bjørker. Sia batt han dei til umåteleg store vikja. Kvelden før han skulle reise, batt han desse vidjene samans til eit umåteleg stort kjepeband. Folket på garden skjnte no at gjetarguten hadde eitt eller anna fore. Men ho Gurå .. som no visste namnet på karen .. tenkte au på sitt, og heldt auga med han. Om morgonen .. då gjetarguten hadde sagt farvel åt folket på garden. gjekk han stad og tok dette store kjepebandet og la det rundt kornløa. Han satte eine foten mot veggen, heldt i grovenden på bandet og surka åt så det knaka i løa. Så vendte han ryggen mot veggen, reiste seg og tok løa med heile kornavlinga i på ryggen. Men då var ho Gurå ikkje langt unna heller. - Ka du he' tenkt deg te no, Hopp Elling? sa ho Gurå. Dermed rauk han Hopp Elling att-og-bak, og løa datt nedpå murane att. Han var nær på å slå seg reint forderva, og sette handa føre seg slik at neven gjekk eit godt stykke nedi berget. Merket står der den dag i dag.

 

 

Gussiåsvisa

Tekst: Liv Karin Lange (1992)

Melodi: Hu hei kor er det vel friskt og lett

 

I veit et sted der i høre te, ut på landet, ut på landet.

Med gudesjø som i svunna tid,

fyltes opp med hellig ånde.

Der Bakkesan' og Sandvika,

kan kjøle oss når me en sommardag,

tek en fridag, tek en fridag.

 

Når sommar'n banke på døra der,

kan du plukke, kan du plukke,

liljekonvallen på Rabben he,

lukt av lykke, lukt av lykke.

Når nedpå Osvatnet vannlilja,

står tett i tett og skjule laksen,

da e det sommar, e det sommar.

 

Og Gammelskulin bli pussa opp,

her i bygda, her i bygda.

Så mangt kan gå når me dre i flokk,

no så veit me, at me kan det.

Når Vetafjellet i haustlys ligg,

når tytå sakte rødme langs en rygg,

da kjæm høsten, da kjæm høsten.

 

Så lita bygd, likevel eig ho, eventyret, eventyret.

Hopp Helling kom blid, men sint han dro,

sporet står om du vil sjå det.

At gullet skin, ja, det veit da me.

Men at kringkastinga kom, kæm trudd det,

hit te bygda, hit te bygda.

 

I veit et sted der dei gamle e,

glad i bygda, glad i bygda.

Der ungdom ønske dæm kunne bo,

og der jenta, satt og venta.

./. Der gamle gardshus bli fødd på ny,

der sorg og lykke kjæm og går, men no,

slutte visa, slutte visa. ./.

 

 

<<

Merke etter store fingrar visest enno i berget på Gussiåsen.

(foto Romsdalsmuseet)

Ved Osvatnet i Plassen, Reinsfjellet i bakgrunnen